Opne øvingar i januar

Standard

 

Som vanleg startar vi semesteret med tre opne øvingar. Anten du jobbar på OUS eller ikkje, er du hjarteleg velkommen til å teste korleis det er å syngje med oss!

Vi øver på seminarrommet ved kapellet i glasgata på Rikshospitalet, tysdagar kl. 17.15–19.30. Dei tre opne øvingane er 8., 15. og 22. januar. Vi har ikkje prøvesong, men dirigenten vil gjerne høyre litt på deg for å bli kjend med stemma di og plassere deg i rett gruppe.

Ta kontakt på rikshospitaletskor@gmail.com om du lurer på noko! Vi har òg laga eit Facebook-arrangement for dei opne øvingane.