Vårsesongen startar med tre opne øvingar!

Standard

Vårsesongen er i gang, og dei tre neste tysdagane (6.1., 13.1. og 20.1.) har vi opne øvingar. Har du lyst til å bli med oss og syngje, møter du opp på øvingsrommet ved kapellet i glasgata på Rikshospitalet kl. 17.15! Vi har ikkje opptaksprøver, men dirigenten vil gjerne høyre litt på deg for å plassere deg i rett stemmegruppe.

Rikshospitalets kor er eit blandakor med om lag 35 medlemmer. Om du ikkje jobbar ved OUS, er du velkommen likevel!

Her ser vi Rikshospitalets kor saman med Torshov Kvinnelige Vokalensemble etter den store julekonserten vår 16. desember 2014. Dirigent Karolina Wiśniewska i spissen.

Her ser vi Rikshospitalets kor saman med Torshov Kvinnelige Vokalensemble etter den store julekonserten vår 16. desember 2014. Dirigent Karolina Wiśniewska i spissen.

Som ei ekstra gulrot kan vi nemne at den årlege vårturen i år går til Berlin! Rikshospitalets kor har kvar vår sidan 2007 vore på utanlandstur, men Tyskland blir ei ny oppleving for oss. Vi gler oss til ein spennande vår og konsertar, turisme og masse gøy i Berlin 6.–9. juni.

Høyres dette spennande ut? Bli med i koret då vel!